Descripción
Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg! Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar. Det er opna opp for at søkjar med annan sosial- helsefaglig utdanning også kan søkje på stillinga. Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing. Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte. Stillingen inngår i todelt turnus med vakter på dag, kveld og helg. Arbeidsoppgåver: Ansvarlig for sjukpleiefaglege tiltak og oppfølging Tverrfagleg samarbeid Sikre dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal i Aidn Administrasjon av legemiddel og ansvar for ajourhald av legemiddelliste Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane Koordinering av hjelpetiltak, ansvar for innkalling til ansvarsgrupper mm. Primærkontaktfunksjon Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnere i 1. og 2. line tenesta Henvisning til spesialist helsetenesta Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik Medverke til godt arbeidsmiljø Kjenskap til og aktivt bruka eininga sine prosedyrar og rutinar Halde seg fagleg oppdatert Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalit