← BuscayCurra

Forskar (mellombels) i KI-forskingsformidling ved AI LEARN

UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN

Noruega📅 9/9/2026

Descripción

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Forskar Vi ønsker deg velkommen som søkjar til ei stilling som forskar (100 %) i KI-formidling ved SLATE, Det psykologiske fakultet, knytt til AI LEARN. Dette er ei mellombels stilling på 1,5 år, med tilsetjing frå november 2026. Arbeidsstad er Bergen. Om AI LEARN AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 34 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor. Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Som nasjonalt senter har AI LEARN ansvar for kommunikasjon, formidling, nytting av resultat (DEC), interessentdialog, og kapasitetsbygging mot ulike målgrupper. I denne samanhengen søker AI LEARN ein KI-forskingsformidlar som vil delta i senteret sin interne og eksterne kommunikasjon.
Envía tu CV a UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de forskar en Noruega

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.