← BuscayCurra

Vil du drive utvikling av luftsportsmiljøet på Voss?

VOSS HANG OG PARAGLIDER KLUBB

Noruega📅 2/11/2026

Descripción

Voss Hang- og Paragliderklubb søkjer dagleg leiar i 100 % stilling Er du ein engasjert og initiativrik person som trivst med menneske, organisasjonsarbeid og utvikling? Vil du vere med og skape aktivitet, fellesskap og gode opplevingar i eit av Noregs største luftsportmiljø? Voss Hang- og Paragliderklubb (Voss HPK) søkjer ein dagleg leiar som vil bidra til å vidareutvikle klubben og det lokale flygemiljøet. Vi er ein aktiv klubb med eit stort og mangfaldig medlemsmiljø, engasjerte frivillige og eit breitt aktivitetstilbod. Klubben har ei sentral rolle i luftsportmiljøet på Voss og arbeider for å skape gode rammer for både nye og erfarne pilotar. Som dagleg leiar blir du ein viktig pådrivar for klubben si vidare utvikling. Du skal bidra til eit inkluderande, trygt og levande miljø der medlemmane trivst, utviklar seg og får gode moglegheiter til å utøve sporten sin. Om stillinga Som dagleg leiar får du ei variert og sjølvstendig rolle med stor moglegheit til å påverke både eigen arbeidskvardag og utviklinga av klubben. Du vil arbeide tett med styret, fagleg leiar og tryggleiksgruppa, instruktørar, frivillige og medlemmar. Saman skal de vidareutvikle aktivitetstilbodet, styrkje fellesskapet og leggje til rette for eit aktivt og berekraftig flygemiljø. Arbeidskvardagen er prega av variasjon, samarbeid og høgt engasjement. Du får kombinere administrativt arbeid med praktisk tilrettelegging, prosjektutvikling og kontakt med menneske som brenn for sporten. Arbeidsoppgåver Leie og vidareutvikle den daglege drifta av klubben Vere ein pådrivar for eit aktivt, inkluderande og engasjerande medlemsmiljø Utvikle kurs, aktivitetar, møteplassar og tilbod som skaper verdi for medlemmane Leggje til rette for rekruttering, opplæring og vidare utvikling av pilotar Planleggje og koordinere kurs, arrangement og andre aktivitetar Støtte og samarbeide med instruktørar, frivillige, fagleg leiar og tryggleiksgruppa Ha ansvar for administrasjon, økonomioppfølging og rapportering Utvikle samar
Envía tu CV a VOSS HANG OG PARAGLIDER KLUBB

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Últimas ofertas en Noruega

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.