Descripción
Førebyggande tenester, avdeling for førebyggande helse har ansvar for svangerskapsomsorga, helsestasjon, skulehelseteneste, smittevern og helsestasjon for ungdom. Me søkjer etter Jordmor i eit 60% vikariat i perioden 01.12.26- 30.11.27 Me søkjer etter ein engasjert fagperson som vil vera med på å gi gode tenester til gravide og barselkvinner og deira familiar. Me treng at du har: Godkjent jordmorutdanning og gjerne erfaring frå kommunehelsetenesta. Høg arbeidskapasitet Gode samarbeidsevner Bidreg inn i det tverrfaglege fellesskapet i helsestasjonen og i resten av avdelinga Stort engasjement for kvinnehelse og svangerskapsomsorga Vidare ynskjer me at du: Er engasjert og personleg eigna Systematisk, strukturert og sjølvstendig Interesse for og engasjement i høve til utviklingsarbeid i tenesta God munnleg og skriftleg framstillingsevne Påliteleg, men og fleksibel Har førarkort kl. B Me kan tilby: Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift Høgt faglig nivå Etablert tverrfagleg samarbeid Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk Offentlig tenestepensjon Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. Spørsmål om stillingane kan rettast til leiande helsesjukepleiar Jorunn Hystad 94794288 Om arbeidsgiveren: Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Hau