Descripción
Miljøtenesta i Stad kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar ved avdelingane Elvebøen og Myroldhaug på Nordfjordeid og Miljøtenesta Ytre.Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike behov for oppfølging, rettleiing og bistand i kvardagen. Målet vårt er å bidra til tryggleik, meistring, sjølvstende og gode kvardagar for den enkelte. Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb der du kan utgjere ein forskjell i kvardagen til andre menneske. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med varierte oppgåver, gode kollegaer og høve til å utvikle deg både fagleg og personleg. Avdeling Elvebøen har ledig: 2 x 20 % stillingar med langvakt kvar 4. helg 1 x 30 % stilling med nattevakter kvar 3. helg Miljøtenesta Ytre har ledig: 3 x 15 % stilling med vakt kvar 3. helg Avdeling Myroldhaug har ledig: 1 x 25 % stilling med langvakter kvar 4. helg 3 x 32 % stilling med nattevakter kvar 3. helg Arbeidsoppgåver Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling Kartlegge og vurdere behov Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer Kvalifikasjonar Vi ser særleg etter deg som: Har helsefagleg utdanning Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Du må vere over 18 år Personlege eigenskapar Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Tek initiativ og ansvar Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Vi tilbyr Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø Høve til fagleg utvikling Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å