Descripción
Nokre jobbar fyller kalenderen. Andre fyller hjartet Får du energi av barnelatter, gode relasjonar og dagar som aldri er heilt like? Er du typen som likar å vera ute i all slags vêr, kan syngja ein barnesong utan å blunka, og veit at noko av det beste som finst er å sjå eit barn meistra noko for aller fyrste gong? Ler du litt når du eigentleg skulle vore alvorleg, set pris på dei små og store augeblikka i kvardagen og ønskjer å vera den trygge vaksne som gjer ein forskjell? Då kan det vera akkurat deg me ser etter! Granvin barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar. I august 2026 flytta me inn i ein heilt ny og moderne barnehage i Granvin. No ser me etter ein trygg, engasjert og fagleg sterk pedagogisk leiar som vil vera med og setja retning vidare. Hjå oss får du ikkje berre ansvar for ei avdeling. Du får høve til å påverka, utvikla og vera med og byggja kulturen i ein ny barnehage. Me ønskjer ein barnehage der borna møter varme og tilgjengelege vaksne, får mykje tid til leik og opplever vennskap, meistring og glede. Naturen og nærmiljøet er ein viktig del av kvardagen vår, både inne og ute. Kvalifikasjonar bachelor som barnehagelærar gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart Som pedagogisk leiar hos oss skal du leia og utvikla det pedagogiske arbeidet skapa eit trygt og godt leike- og læringsmiljø leia og inspirera medarbeidarane bidra til godt samarbeid og utvikling Kven ser me etter? Me ser etter deg som er varm, trygg og tydeleg, tek ansvar og får andre med deg. Du har eit positivt barnesyn, er ein god lagspelar og trivst både inne og ute. Engasjement og personlege eigenskapar veg tungt. Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen. Me tilbyr: Hjå oss skal du få tid til å vera ny. Her vil du vil du få fadder ved oppstart og vera ein del av eit nytilset