Descripción
Har du lyst til å bruke jussen til å bidra til at norske stiftelsar gjennomfører formåla sine? Her får du jobbe med landets fremste ekspertar på stiftelsesrett og får ei sentral rolle i tilsynsarbeidet vårt. No ser vi etter to juristar til Stiftelsestilsynet – til ei fast stilling og eit vikariat. Kven er vi? Norske stiftelsar forvaltar store verdiar og er sentrale bidragsytarar i samfunnet innan alt frå næringsliv, forsking, helse og utdanning til kultur og sosial inkludering. Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med stiftelsane for å sikre at dei driv i samsvar med formålet og lova. Vi fører kontroll gjennom behandling av søknadar, rettleiing til styra og tilsyn med enkeltstiftelsar, og vi har ansvar for å føre Stiftelsesregisteret. Vi legg også vekt på å jobbe førebyggande og møter mange stiftelsar når vi held føredrag om regelverket. Sakene vi behandlar reiser spennande rettsspørsmål innanfor stiftelsesrett, selskapsrett og forvaltningsrett. I tillegg har vi oppgåver innanfor dekningslova, arvelova og samvirkelova. Du får utfordrande arbeidsoppgåver og vil jobbe saman med dyktige kollegaar innanfor juss, økonomi og samfunnsvitskap. Vi er flest juristar, og du får jobbe tett blant anna med revisorar. Arbeidsoppgåver Kva skal du jobbe med? Vi har to ledige juriststillingar, og oppgåvene vil vere knytte til ulike delar av avdelinga vår. Den faste stillinga vil vere knytt til tilsyn med stiftelsar. Her fører vi tilsyn med om stiftelsar blir drivne på ein lovleg måte i samsvar med vedtektene og lova. Du vil mellom anna behandle tips frå privatpersonar, revisorar, media eller andre og vurdere om det er grunnlag for å opne tilsyn eller nytte andre verkemiddel overfor stiftelsen. Du vil også få ei rolle i arbeidet med å utvikle regelverket og vår praksis, og i å formidle kunnskap om dette til styremedlemmar, administrasjonar, revisorar og rådgivarar for stiftelsar. Den som blir tilsett i vikariatet vil hovudsakleg jobbe med å behandle søknadar frå stiftelsar. Det