Descripción
Bli med og styrk Sirdalsskulen! Sirdal kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert assisterande rektor ved Tonstad skule, som gjennom samarbeid og samhandling ønskjer å vera med og styrkja Sirdalsskulen. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å utvikla deg som skuleleiar ved ein moderne skule i ein kommune med høge ambisjonar på vegne av elevane. Tonstad skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Sirdal kommune med om lag 180 elevar. Skulen har 44 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt på Tonstad, i nærleiken av idrettshall, fotballhall og kulturhus. Skulen har moderne lokale, med ein innbydande aula og eit bibliotek der skulen samlast. Skulen har gode inne- og uteområde som legg til rette for læring, trivsel og fellesskap. Leiinga ved skulen består av rektor, assisterande rektor og SFO-leiar. Ved Tonstad skule arbeider vi for å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø der alle elevar opplever meistring, trivsel og utvikling. Skulen arbeider for å vera ein lærande organisasjon der profesjonsfellesskapet står i sentrum. Det systematiske arbeidet med læringsmiljøet blir styrkt gjennom tema som mellom anna klasseleiing, elevmedverknad, vurdering og pedagogisk praksis. Lesing og leik/uteskule er område skulen satsar på. Arbeidsoppgåver: · Bidra til den pedagogiske og administrative leiinga av skulen i samarbeid med rektor. · Du vil ha eit breitt ansvarsområde og vera ein viktig støttespelar for tilsette, elevar og føresette. · Assisterande rektor er rektor sin stadfortredar og tek i vare rektor sine oppgåver ved behov. · Assisterande rektor skal bidra til å leia og vidareutvikla Tonstad skule i tråd med gjeldande lovverk, nasjonale føringar og kommunale målsetjingar. · Planleggja og koordinera den daglege drifta av skulen, mellom anna timeplanlegging, vikarhandtering, eksamen, nasjonale prøver og rapportering. · Vera med å følgje opp elevsaker og arbeidet med skulemiljøet. · Leia og delta i skulen sitt utviklingsarbeid og profesjonsfellesska