Descripción
Open omsorg søker helsefagarbeidar til heimebaserte tenester Open omsorg søker ein engasjert og dyktig helsefagarbeidar til våre heimebaserte tenester. Vi tilbyr ei 100 % fast stilling med arbeid på dag- og kveldsvakter, og i snitt kvar 3. helg. Heimebaserte tenester gir helsehjelp til menneske i alle livsfasar. Målet vårt er at flest mogleg skal kunne bu heime så lenge som mogleg, med god livskvalitet, tryggleik og meistring i eigen kvardag. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, med moglegheit til å jobbe både sjølvstendig og i team – alltid med brukaren i sentrum. Som tilsett hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø. Du vil møte eit breitt spekter av diagnosar, funksjonsnivå og behov, noko som gir deg varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi legg vekt på godt samarbeid, støtte og erfaringsdeling, og jobbar saman for å gi brukarane våre best mogleg tenester. Vi tilbyr god opplæring og rettleiing, og dessutan moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, internundervisning og refleksjon i kollegagruppa. Vi ønsker at medarbeidarane våre skal vere trygge i rolla, samtidig som dei får utvikle kompetansen sin og bidra aktivt til vidareutvikling av tenestene. Eit viktig satsingsområde hos oss er kvardagsmeistring. Vi arbeider målretta for at brukarane skal kunne vere så sjølvstendige som mogleg og oppleve meistring og livskvalitet i eigen kvardag. Arbeidsoppgåver Utføre praktisk pleie- og omsorgsoppgåver i samsvar med planar og individuelle behov. Vurdere behov og planlegge pleietilbod, og sette i verk og følge opp mål og tiltak. Sikre god kontakt og samarbeid med pårørande. Undervise og rettleie andre yrkesgrupper, kollegaer, brukarar, pårørande, lærlingar, studentar og elevar. Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid. Dokumentere og rapportere i fagsystema. Bidra til eit godt arbeidsmiljø. Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov. Som tilsett hos oss skal du hjelpe tenestemottakarane våre i