Descripción
Om stillinga Vi søkjer: ein rådgivar/seniorrådgivar ein seniorrådgivar med fagkoordinatoransvar for eit team på sju personar Om stillingane Vi har to ledige stillingar i seksjon for klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid ( Klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid (KOL) - miljodirektoratet.no ) Oppgåva vår er å fremje menneskes helse og trivsel, og verne vegetasjon og økosystem mot luftforureining. Stillingane er knytt til arbeid med utandørs luftkvalitet, der forureininga kan vere langtransportert eller ha lokale kjelder. Ei av stillingane inneber ansvaret som fagkoordinator. Eit team på sju personar jobbar mellom anna med å følgje opp forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet, under dette oppfølging og rettleiing av kommunar. Vi jobbar også med å ta inn EUs nye luftkvalitetdirektiv i norsk rett. Vidare jobbar vi med langtransportert luftforureining, der Noreg er i ferd med å implementere EUs utsleppstak-direktiv (NEC-direktivet). Vi leier Luftsamarbeidet ( Luftsamarbeidet og tenester for luftkvalitet - miljodirektoratet.no ), eit statleg samarbeid beståande av fem statlege aktørar som leverer mellom anna digitale tenester for luftkvalitet. Vi har også ansvar for eit IT-system for luftmålingar. Teamet blir leidd av ein koordinator som mellom anna skal bidra til fordeling av oppgåver i teamet og strategisk utvikling av fagområdet. Vi er ein av sju seksjonar i klimaavdelinga ( Klimaavdelingen (KAL) - miljodirektoratet.no ). Seksjonen har ansvar for mellom anna arbeid med utandørs luftkvalitet og støy, klimagassutslepp i kommunane, fluorhaldige klimagassar, FNs klimapanel, kortlevde klimadrivarar, atmosfæreovervaking, og dessutan koordinering av arbeidet til avdelinga mot statsforvaltaren og med forsking og utvikling. Vi er 23 dyktige, engasjerte og hyggelege kollegaer som gler oss til å ønskje nye kollegaer velkommen. Kontorstad er Helsfyr i Oslo. Kva rolle passar deg? Begge stillingane arbeider innanfor det same fagområdet. Rådgivar/