Descripción
Om stillinga og arbeidsstaden Ved Senter for foreldre og barn, region vest, har vi ledig fast stilling som psykologspesialist i 50% stilling. Stillinga er i første rekke knytt til avdelinga i Førde. Det kan vere aktuelt å ha kontorstad i Bergen, der ein vil få høve til å inngå i eit fagleg psykologfellesskap. Samstundes må ein rekne med jamlege reiser til avdelinga i Førde. Ved Senter for foreldre og barn jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og jobbar med kartlegging, samspelsobservasjonar, rettleiing og behandling. Alltid med barnet sitt perspektiv og behov som kompass. Senter for foreldre og barn, region vest, har avdelingar plassert i Førde, Bergen og Stavanger. Målgruppa vår er barn frå 0-6 år, der dei yngste i aldersgruppa 0-2 år vert prioritert. Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2 og 2-3. Senteret kan ved ledig kapasitet tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheitar og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret jobbar både heimebasert, poliklinisk og døgnbasert. Det er eit tverrfagleg miljø med psykolog, fagkonsulentar og nattevakter. Vi ynskjer eit miljø der vi arbeider saman og vil kvarandre vel. Vi er opptatt av kunnskapsdeling og arbeider aktivt for å utvikle kompetansen vår i eit positivt, støttande og inkluderande miljø. Arbeidsoppgåver Dette får du jobbe med hos oss : Bistå i utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1. Bistå i utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel. Utøve oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn. Kvalitetssikring av utgreiingsarbeid og kartleggingsverktøy. Utføre relevante og kunn