← BuscayCurra

Seniorrådgiver - jurist

OSLOMET - STORBYUNIVERSITETET STUDIESTED PILESTREDET

Noruega📅 9/10/2026

Descripción

Om stillinga Vi har ledig stilling som seniorrådgjevar – jurist i seksjon for analyse og kvalitetsutvikling, i avdeling for utdanning. Avdeling for utdanning har administrativt ansvar for opptak, eksamen, internasjonalisering i utdanningane, kvalitetssystem, studentsystem, digitale læringsressursar, studentstøttetenester og studentadministrasjon. Vi søker deg som kan bidra i ei breidde av saker. Som ein av to juristar vil du samarbeide tett med fakultet og fellesadministrasjon om juridiske problemstillingar knytt til utdanning og studentar. Du vil førebu saker for nemnd, utforme forskrifter og retningslinjer i dialog med fakultet og støtte fakultet i bruk og forståing av regelverk. Du vil handtere komplekse studentsaker og bidra til å bygge god forvaltningspraksis for studieadministrasjonane sine behov og problemstillingar. Gjennom desse oppgåvene vil du bidra til å utvikle og forbetre dei juridiske rammene for utdanningsverksemda. Mange av oppgåvene våre løyser vi gjennom samarbeid og vi deler kunnskap med kvarandre. Du vil møte forventingar om å bidra til godt samarbeid og faglege diskusjonar, å drive effektiv og presis saksbehandling, og at du gjer juss og regelverk tilgjengeleg og forståeleg både for tilsette og studentar. Vi jobbar tett med personar med mange ulike fagbakgrunnar, og rolla krev at du kan kombinere solide juridiske vurderingar med forståing for utdanningsverksemd, organisasjon og digitale arbeidsprosessar. Godt samarbeid både innanfor seksjonen, i avdelinga og med kollegaer ved fakultet vil vere avgjerande for å lykkast i stillinga. Vi støttar oss på kvarandre sin kompetanse for å levere gode tenester og ha eit godt arbeidsmiljø. Miljøet er prega av høg kompetanse, konstruktiv dialog og rom for fagleg utvikling. Arbeidsoppgåver og ansvarsområde Dine ansvarsområde og arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere: saksbehandling og sekretariatsarbeid for nemnd for studentsaker ved OsloMet og nemnd for skikkasaker juridisk støtte til fakultet, leiing og andre
Envía tu CV a OSLOMET - STORBYUNIVERSITETET STUDIESTED PILESTREDET

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Últimas ofertas en Noruega

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.