Descripción
I 2028 er det 350 år sidan Baroniet Rosendal vart oppretta av kong Christian V av Danmark-Noreg. Dette skal markerast med eit innhaldsrikt jubileumsår som løftar fram historia til Baroniet Rosendal og inviterer lokalsamfunnet, regionen, Noreg og internasjonale samarbeidspartnarar til å ta delta. Hva vi ser etter Vi søkjer deg som kombinerer gode organisatoriske evner med kreativitet og interesse for historie og kulturformidling. Du trivst med å samla menneske rundt eit felles mål, utvikla nye idear og omsetja planar til konkrete resultat. Vi ser etter ein sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert person som tek initiativ, samarbeider godt og evnar å halda oversikt over mange parallelle prosessar. Du må trivast med både strategisk arbeid og praktisk gjennomføring. Vi ynskjer at du har: Relevant høgare utdanning innan kulturleiing, historie, kulturvitskap, prosjektleiing, samfunnsfag eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet. Erfaring med prosjektleiing, programutvikling, arrangement eller kulturproduksjon. God evne til å planleggja, koordinera og gjennomføra prosjekt med fleire samarbeidspartnarar. Gode kommunikasjonsevner og evne til å formidla komplekse tema på ein engasjerande og forståeleg måte. Evne til å vera fleksibel, du er ikkje redd for å ta i eit tak der det trengs. Vi er ein liten organisasjon der alle må bidra. Evne til å byggja nettverk og skapa gode relasjonar på tvers av fagmiljø og organisasjonar. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gode engelskkunnskapar. Det er ein fordel om du har erfaring frå kulturhistoriske institusjonar, museum, festivalar eller større jubileums- og formidlingsprosjekt. Kjennskap til norsk kulturarv, historie og kultursektor vil òg vera relevant. Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på. Arbeidsoppgaver Vi søkjer vi deg som vil leia og vera pådrivar i arbeidet med å utvikla og gjennomføra jubileet - eit prosjekt som skal skapa ny kunnskap, engasjement og aktivitet