Descripción
Rådgivar/seniorrådgivar - helse Vil du bruke sjukepleiarkompetansen din på ein ny måte? Vi har no ledig ei fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar i seksjon helse. Vi søkjer etter deg med interesse for rettstryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene. Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for pasientar, pårørande og samfunnet Om seksjon for helse Seksjon for helse arbeidar for berekraftige og trygge helse- og omsorgstenester. Vi har ansvar for oppfølging av kommunale tenester, helsepersonell, tilskotsordningar, miljørettet helsevern og helseberedskap. Seksjonen samarbeidar tett med kommunar, spesialisthelsetenesta, Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet. Vi gir rettleiing til kommunar og innbyggjarar, behandlar klagesaker og fører tilsyn for å sikre kvalitet og rettssikkerheit. Arbeidet vårt er samfunnsaktuelt – og du får moglegheit til påverke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene utover enkeltsaker. Vi jobbar i tverrfaglege team med til dømes juristar, legar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Arbeidsoppgåver Din sykepleiefaglege kunnskap og erfaring frå korleis tenestene fungerer i praksis, er viktig når vi analyserer saker, vurderer faktiske forhold og tek stilling til om helsehjelpa er gitt i samsvar med krav i lovverk og faglege standardar. I denne stillinga får du difor om anna arbeide med saksbehandling av klage- og tilsynssaker etter helse- og omsorgslovgivninga, inkludert utgreiing av saka og utarbeiding av forslag til vedtak rettleie verksemder, helsepersonell og pasientar/pårørande bidra til læring og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstenestene gjennom tilsyn bidra med faglege innlegg og opplæring. delta i utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av fagområde Mange saker krev at du raskt kan setje deg inn i problemstillingar og gjer gode vurderingar innan gitte fristar. Nokon saker er meir komplekse og krev grundigare analysar og samarbeid med kollegaer frå ulike fagområde. Kvalifikasjonar D