Descripción
Me søkjer fagarbeidar innan kontor og administrasjon der du vil få ei sentral rolle hos oss som konsulent! Eining tilrettelagte tenester søkjer etter ein strukturert og engasjert konsulent i 80% fast stilling som trivst med varierte arbeidsoppgåver og kontakt med mange menneske! Som konsulent vil du ha ei sentral rolle i eininga og vere eit viktig bindeledd mellom tenestene, tilsette, leiarar, brukarar og samarbeidspartnerar. Du vil bidra til god informasjonsflyt, orden og struktur, og vere med på å sikre at dei admininstrative oppgåvene vert løyste på ein effektiv og profesjonell måte. Stillinga er organisert i eining Tilrettelagte tenester, og arbeidsstaden vil vere fordelt mellom kontor i både Sandeid og Ølen. Kva får du jobba med hos oss? administrative og merkantile oppgåver for eininga saksbehandling og dokumenthandtering registrering og oppfølging i ulike fagsystem telefon og eposthandtering støtte til leiarar og tilsette i det daglege arbeidet korrdingering og oppfølging av møter og avtalar andre førefallande kontoroppgåver Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe’ Vindafjord ). Gratis parkering. Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kvalifikasjonar: Fagbrev i kontor- og admininstrasjonsfaget er ynskjeleg. Anna relevant utdanning på fagarbeidarnivå/og eller erfaring kan kompensere for manglande fagbrev og vil bli vurdert. Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Personlege eigenskapar: Er serviceinnstilt o