Descripción
Om stillinga Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løyse hendingsstyrte og planlagde oppdrag. Vi kan love deg ein spennande, variert og aktiv arbeidskvardag, med heile politidistriktet som arbeidsfelt! I denne stillinga er det moglegheit for tilpassa personleg turnus etter nærmare avtale. Eksempelvis berre arbeid på natt eller intensive arbeidsperiodar som gir lengre friperiodar. Vi kan også tilby noko redusert stillingsprosent, dersom du ønskjer det. Ein vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. Fram til og med 15. november 2026 tilbyr vi eingongsutbetaling for tilsette som ønskjer å forplikte seg til stillinga i minst to år (kr. 150 000) eller i minst tre år (kr. 200 000) etter nærare avtale. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter motiverte medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet. Evna til å vere trygg, nærverande og lydhøyr i krevjande situasjonar og dessutan byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet handtere 02800 anrop og hovudnummer til politidistriktet planlegge samt å koordinere de