← BuscayCurra

Rovviltkontakt i SNO - Vest-Telemark

Empresa sin especificar

Noruega📅 24/9/2026

Descripción

Om stillinga Stillinga som rovviltkontakt, fast tilsett på tilkalling i Statens naturoppsyn (SNO), gir deg høve til å jobbe i felt med innsamling av viktige data som har stor betydning for forvaltninga av store rovdyr. Stillinga er knytt til éin eller fleire kommunar, og du må ha god lokalkunnskap. Det er viktig at rovviltkontakten kan løyse oppgåvene i god kontakt og dialog med beitebrukarar og lokalsamfunnet elles. Rovviltkontakten utfører oppgåver på dei arbeidsområda og i det geografiske området som blir bestemt av den fagansvarlege for rovviltdokumentasjon i lokalt SNO. Oppgåvene skal løysast i tråd med fastsette instruksar og elles på den måten og i den prioriteten som SNO bestemmer. Arbeidet som lokal rovviltkontakt er eit bierverv. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og arbeidstida vil vere varierande, styrt av hendingar og avhengig av behov. Vi strekar under at den enkelte arbeidstakaren sjølv må passe på at den samla arbeidsbelastninga i hovudarbeidsforholdet og arbeidet som rovviltkontakt ikkje overstig det som er forsvarleg. Naturoppsynsmyndigheit er ikkje ein del av rolla som rovviltkontakt. Arbeidet krev god rolle- og aktørforståing og at ein følger policyen til arbeidsgivaren og HMS-reglementet som gjeld innanfor dei aktuelle arbeidsområda og oppgåvene. Rovviltkontakten har plikt til å delta på kurs og andre kompetansehevande tiltak i regi av SNO. Stillinga sine hovudansvarsområde gjennomføre skadedokumentasjon i felt ved mistanke om rovviltskadar på husdyr kontrollere tilfeldige meldingar om rovvilt, som har prioritet for registrering i samsvar med overvakingsprogrammet for rovvilt kvalitetssikre og rapportere innsamla faglege data i samsvar med instruksar planlegge og organisere sitt eige feltarbeidsområde innanfor gjeldande instruksverk og retningslinjer eigenadministrasjon innanfor timelister, reiserekningar mv. avlaste kollegaer innanfor ansvarsområdet ved behov bistå i opplæringa av nytilsette rovviltkontaktar kontakt med lokale beitebrukarar, akt
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de rovviltkontakt en Noruega

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.