← BuscayCurra

Controller med driftsoppgåver

NAV HJELPEMIDDELSENTRAL VESTLAND - FØRDE

Noruega📅 9/9/2026

Descripción

Vil du vere med å gjere ein forskjell? Vi har ledig ei 100 % fast stilling som controller med tilleggsoppgåver innan drift ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde. Vår noverande controller skal pensjonere seg, og vi ser etter ein erstattar som kan vere med å vidareutvikle økonomi- og verksemdsstyringa i verksemda. Om lag halvparten av av stillinga vil vere knytt til controlleroppgåver som økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering og styringsinformasjon. Resterande del av stillinga vil omfatte drifts-, stabs- og utviklingsoppgåver, mellom anna innan eigedomsforvaltning, organisasjonsutvikling (HR), internkontroll og andre område etter verksemda sine behov. Du vil inngå og bidra i nasjonale fagnettverk saman med andre hjelpemiddelsentralar, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og erfaringsutveksling. Har du høgare utdanning og erfaring innan økonomi, og interesse for statistikk, analyse og styringsinformasjon? Er du oppteken av kvalitet, struktur og kontinuerleg forbetring? Då kan dette vere stillinga for deg. Om Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er lokalisert i Førde og er organisert i to avdelingar med 36 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling og forvaltning av tekniske hjelpemiddel i Sogn og Fjordane. Vi hjelper kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgiving, rettleiing, kurs og opplæring. Som ressurs- og kompetansesenter arbeider vi tverrfagleg og har spesialkompetanse innan tilrettelegging på arenaer som heim, skule, arbeid og fritid. Vi har tilsette med ulik fagleg bakgrunn, eige lager, teknisk verkstad, gjenbrukstenester og ambulerande tekniske tenester som bidreg til at menneske med funksjonsnedsetjingar kan leve aktive og sjølvstendige liv. Om Nav hjelpemiddel og tilrettelegging Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400
Envía tu CV a NAV HJELPEMIDDELSENTRAL VESTLAND - FØRDE

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de controller en Noruega

Ver las 37 ofertas de controller en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.