← BuscayCurra

Organist/kyrkjemusikar/dirigent – 40% fast, fleksibel stilling

SAUDA SOKN

Noruega📅 31/10/2026

Descripción

Vil du vera med å setja preg på musikklivet i Sauda? Me søkjer ein engasjert musikar og dirigent til ein stilling med stor fleksibilitet. Tiltreding så snart som råd. Sauda ligg vakkert til ved enden av ein fjord omkransa av flotte fjell, ein liten by der det skjer mykje, med rikt organisasjonsliv og mange arrangement. Me kan lokka med eit flott, særprega kulturhus i Folkets Hus, symjehall med heilårs oppvarma utebasseng, skitrekk, klatrehall, flotte tennis-, golf- og minigolfbanar, rekreasjonsområde, og ikkje minst mange fine turar både sommar og vinter. Utover dei faste arbeidsoppgåvene er det i innverande skuleår behov for dirigent for Sauda Soul Children, og det er difor tenkt at resten av stillinga går med til dette. Avhengig av den framtidige dirigentsituasjonen for koret kan dette bli skifta ut med andre oppgåver på sikt, men det kan òg vera engasjementet blir varig. Koret er delt i to aldersgrupper, og har øving annakvar veke, i tillegg til å vera med på ein del arrangement. Dette kan t.d. vera deltaking i nokre av gudstenestene dirigenten har ansvar for som organist, og gjerne eit par konsertar utanom. Me vil i samarbeid med søkjaren finna løysingar for korleis denne delen av jobben blir organisert, med ei rettferdig arbeidsmengd, og med involvering av frivillige og andre i staben, slik at dirigenten ikkje blir aleine med oppgåva. Søkjaren må beherska orgel og piano til eit visst nivå, men må gjerne bruka andre instrument i tenesta. Like viktig er gode eigenskapar som dirigent/korleiar og evne til å jobba med unge. Me er opptekne av fleksibilitet som går begge vegar. Difor vil me strekka oss for å finna arbeidstider og -formar som passar for søkjaren, samstundes som søkjaren sjølv viser fleksibilitet i møte med varierte arbeidsoppgåver. Me ser fram til finna ut kva me kan tilby for kvarandre! Bygg og instrument Sauda kyrkje har to flotte mekaniske neobarokke orgel frå Verschueren: hovudorgelet frå 2002 (2 manualar og pedalar, 19 stemmer) og eit mindre koror
Envía tu CV a SAUDA SOKN

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de organist en Noruega

Ver las 6 ofertas de organist en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.