Descripción
Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Døgn har ledig fast 70 % stilling som helsefagarbeidar med fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid frå 01.03.2027. Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk, spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre sogn psykiatrisenter. Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt. Les meir om regionen her. Vi tilbyr Arbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg miljø Varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag Interne fagdagar og undervisning som gir fagleg og personleg utvikling Høve til å ta initiativ og påverke din eigen arbeidskvardag Å ta del i ein organisasjon i utvikling, med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga Arbeidsoppgåver Du gir behandling og oppfølging til pasientar i døgnopphald, i samsvar med behandlingsplan Du samarbeider med og involverer pårørande i pasientbehandlinga Du bidreg med faglege innspel til utvikling av tenestene våre Du deltek i miljøterapeutiske aktivitetar som turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar Du samarbeider med kommunehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar Du deltek i legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer Arbeid i turnus (dag/kveld) med arbeid kvar tredje helg. Den som blir tilsett må vere innstilt på at det kan bli endringar til langvakter Personlege eigenskapar Du møter pas