← BuscayCurra

Helgevikariat for helsefagarbeidar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOP NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJON HJELSET

Noruega📅 6/10/2026

Descripción

Allmenn - og alderspsykiatri SNR har ledig 2 x 20% helgestillingar. Vi ønskjer oss truverdige og fagleg sterke helsefagarbeidarar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent. Du har audmjukheit nok til å kjenne dine eigne styrkar, innsikt i eigne avgrensingar og tryggleik til å trå til når det skjer noko ekstra, samstundes som du bidreg med dine synspunkt i drøftingar med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det. Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD), alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplassar inkludert moglegheit for 2 intensivplassar - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Allmenn- og alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane. Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har et stort fokus på miljøtiltak Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollega i sengeposten og poliklinikk Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak Halde seg fagleg oppdatert og følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, eller sjukepleie-/vernepleiarstudent Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Førerkort k
Envía tu CV a HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOP NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJON HJELSET

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Últimas ofertas en Noruega

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.