← BuscayCurra

Maskinsjef i 3:3 turnus

FJORD1 AS

Noruega📅 14/10/2026

Descripción

Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef om bord på MF Årdal i pt. sambandet Hatvik-Venjaneset. Skiftordninga er 1 døgn på og 1 døgn av i ein periode på 3 veker, etterfulgt av 3 veker fri. Dette gir ein fleksibel kvardag med berre 86 arbeidsdøgn i året. Ein bør bu innanfor rimeleg reiseveg til Hatvik eller Venjaneset, då rederiet ikkje har bufasiliteter på fridøgn. Sambandet er ca 35 minutter unna Bergen. Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. MF Årdal blei bygd i 2008, og i 2020 blei ho oppgradert og bygd om til hybrid, der batteri er den primære energikjelda for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid. Vi ansetter fortløpende. Arbeidsoppgåver Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen. Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Personlege
Envía tu CV a FJORD1 AS

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de maskinsjef en Noruega

Ver las 22 ofertas de maskinsjef en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.