Descripción
Vi har opningar på Nevrologisk avdeling, grip du sjansen for å vere med på "Hjernelaget"? Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt? Sjekk Nevropodden på Spotify! Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter i 17 vekers turnus. Nevrologisk avdeling har ledig 2 faste stillingar for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi eller etter avtale, og vi lyser på same tid ut 3 årsvikariat og varigheit ut februar 2028, med gode høve for forlenging fram til spesialisering i Nevrologi. Vi ønsker oppstart i stillingane 1. februar-1. mars, eller etter avtale. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innafor nevrologien, er det gode høve til fordjuping undervegs i spesialiseringa. Lenke til utdanningsplan Nevrologi HUS Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning fram mot PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes nevrodegenerative sjukdomar og MS , hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi . Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettl