← BuscayCurra

Kvistlaus AS søkjer tilkallingsvikarar til reinhald i Ålesund-området

KVISTLAUS AS

Noruega📅 12/10/2026

Descripción

Kvistlaus AS søkjer tilkallingsvikarar til reinhald i Ålesund-området Kvistlaus er eit lokalt reinhaldsfirma på Sunnmøre som tek på seg flyttevask, byggvask og anna reinhald for private kundar, borettslag og sameige. No har vi meir å gjere i Ålesund-området og treng fleire gode folk vi kan ringje når oppdraga kjem. Kva du skal gjere Du reiser ut til kundar og utfører reinhald etter avtale, oftast flyttevask og byggvask. Du får klare instruksar og sjekklister, men er stort sett åleine eller to på jobb, så du må kunne ta ansvar for at resultatet blir bra. Vi ser etter deg som kan jobbe sjølvstendig og er nøyaktig er påliteleg og møter når du har sagt ja til eit oppdrag disponerer eigen bil og har førarkort klasse B snakkar og forstår norsk eller engelsk godt nok til å kommunisere med kundar gjerne har erfaring frå reinhald, men det er ikkje eit krav Vi tilbyr fleksibelt arbeid -- du takkar ja til oppdrag når det passar deg løn etter avtale køyregodtgjersle etter statens satsar utstyr og reinhaldsmiddel frå firmaet HMS-kort og nødvendig opplæring Om stillinga Tilkallingsvakt, ingen fast stillingsprosent. Oppstart snarast. Søknad Send ein kort søknad med litt om deg sjølv og kor du bur til kontakt@kvistlaus.no. vi går gjennom søknader fortløpande. Om arbeidsgiveren: Kvistlaus er eit lokalt reinhaldsfirma på Sunnmøre som tek på seg flyttevask, byggvask og anna reinhald for private kundar, borettslag og sameige. No har vi meir å gjere i Ålesund-området og treng fleire gode folk vi kan ringje når oppdraga kjem.
Envía tu CV a KVISTLAUS AS

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Últimas ofertas en Noruega

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.