Descripción
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Postdoktorstilling Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin , fagområdet global helse, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor. Åremålsperioden for stillinga er tre (3) år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden. Det er ønskeleg at eit slikt forskingsopphald skjer ved National Cancer Institute, Bethesda, Maryland, USA. Stillinga er knytt til Senter for forsking på mødre- og barnehelseintervensjonar (CISMAC) og er finansiert av Universitetet i Bergen. Stillinga har arbeidsstad i Bergen, men det må reknast med noko reiseverksemd. Det er ønskeleg med oppstart i stillinga innan rimeleg tid etter tilsetjing. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: CISMAC gjennomfører studiar av helseintervensjonar som kan utjamne ulikskapar i helse. Livmorhalskreft er den nest vanlegaste årsaka til kreftrelatert død blant kvinner i fertil alder i låg- og mellominntektsland, men høg dekning med humant papillomavirus (HPV)-vaksinen kan eliminere sjukdommen. HPV-vaksinasjon er innført for aldersgruppa 9-14 år, men det ville gje store økonomiske og logistiske fordelar for helsetenesta over heile verda, og truleg færre motførestillingar blant foreldre, om HPV-vaksinen kunne bli gjeve saman med andre vaksinar i småbarnsalderen. Det finst ingen kunnskap om sikkerheit og langvarig immunitet etter HPV-vaksinasjon hos barn under fire år, men det er grunn til å tru at småbarn kan utvikle ein immunrespons som er minst like god som den hos eldre barn. I dette prosjektet skal vi gjennomføre ein randomisert kontrollert studie i Noreg for å undersøkje om HPV-vaksinering av småbarn er like