← BuscayCurra

Hildre Montessoriskule søkjer reinhaldar i 50 % fast stilling

HILDRE MONTESSORISKULE SA

Noruega📅 31/8/2026

Descripción

Vil du bidra til å skape eit trygt, reint og triveleg miljø for barn og unge? Hildre Montessoriskule søkjer reinhaldar i 50 % fast stilling Hildre Montessoriskule er ein privatskule frå 1.--10. trinn med lærelystne elevar og engasjerte tilsette. Skulen er samlokalisert med Hildre barnehage, og vi ønskjer no å styrkje arbeidet med reinhald gjennom tilsetjing av ein dyktig og påliteleg reinhaldar. Vi søkjer deg som likar orden og kvalitet, arbeider sjølvstendig og ønskjer å vere ein viktig bidragsytar til eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Om stillinga 50 % fast stilling som reinhaldar Stillinga omfattar reinhald av både Hildre Montessoriskule og Hildre Montessoribarnehage. Arbeidet blir i hovudsak utført etter at elevar og barn har gått heim for dagen. Arbeidsoppgåver Dagleg reinhald av skule- og barnehagelokale Periodisk reinhald og hovudreinhald Følgje opp reinhaldsplanar og rutinar Bidra til at bygget framstår reint, trygt og triveleg Vedlikehald og oppfølging av reinhaldsutstyr Reinhald ved behov på elevfrie dagar og planleggingsdagar Samarbeid med leiing og tilsette om praktiske behov knytt til bygget Kvalifikasjonar Erfaring frå reinhaldsarbeid er ønskjeleg Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav Gode norskkunnskapar Interesse for reinhald og kvalitetsarbeid Vi ønskjer at du er sjølvstendig, strukturert og ansvarsfull har auge for detaljar og kvalitet er påliteleg og fleksibel trivst med å arbeide både åleine og saman med andre bidreg positivt til arbeidsmiljøet trivst i eit miljø der barn og unge er ein naturleg del av kvardagen trivst med praktisk og fysisk arbeid, og kan utføre arbeidsoppgåver knytt til dagleg og periodisk reinhald. møter oppgåver og utfordringar med ei positiv innstilling Vi tilbyr Fast stilling i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein skule og barnehage med stort engasjement for barn og unge Lønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Engasjerte og positive kollegaer
Envía tu CV a HILDRE MONTESSORISKULE SA

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de hildre en Noruega

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.