Descripción
I HR og organisasjon søker vi ein fagleg sterk jurist som vil kombinere arbeidsrett med breidda i HR-faget. Som HR-jurist hos oss får du bruke den juridiske kompetansen din i arbeidsrettslege problemstillingar, personalsaker, omstilling og leiarstøtte, samtidig som du bidrar i andre HR-oppgåver ut frå behova i organisasjonen. Du blir ein del av eit tverrfagleg HR-miljø med erfarne og kunnskapsrike kollegaer innan HR, HMS, leiarutvikling og innovasjon. Vi jobbar tett saman, deler kunnskap og løyser oppgåver på tvers av fagområde. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, gode moglegheiter til å vidareutvikle fagområdet og høve til å påverke utviklinga av Nav Vestland. Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for å gjennomføre arbeids- og velferdspolitikken i fylket, og har styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret held til i Bergen og består av om lag 45 tilsette fordelte på fire avdelingar: HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester samt økonomi og analyse. Kva går jobben ut på? rettleiing og leiarstøtte i arbeidsrettslege problemstillingar rådgiving i personalsaker og omstillingsprosessar arbeid med medbestemming, konflikthandtering og anna relevant avtaleverk skrive saksframlegg, utgreiingar og beslutningsgrunnlag bidra i formidling, opplæring og kompetanseheving innan arbeidsrett og HR handtering av personvernspørsmål på HR‑området delta i varierte HR‑oppgåver saman med resten av HR‑teamet Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Stillinga kan innplasserast som rådgivar eller seniorrådgivar etter kompetanse og erfaring. Felles for begge rollene er at du må ha fullført master i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen som gjer rett til å bruke tittelen jurist. Dersom du har utanlandsk utdanning, må du ha godkjenning frå advokattilsynet for å bruke tittelen. god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg gode digitale ferdigheiter For tilsetting som rådgivar må du i tillegg ha kunnskap om arbe