Descripción
Vil du bli spesialist i eit fagfelt der du får bruke heile den medisinske kompetansen din? Rus- og avhengigheitsmedisin er eit spennande fagområde i skjæringspunktet mellom rusmedisin, somatikk og psykiatri. Hos oss får du jobbe tett på pasientar med samansette problemstillingar, i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og eit felles engasjement for å gjere ein forskjell. Vi søkjer no etter engasjerte leger i spesialisering (LIS 2/3) som ønskjer å utvikle seg innan rus- og avhengigheitsmedisin og vere med på å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt ved Avdeling TSB i Møre og Romsdal. Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar for lege i spesialisering 2/3 ved Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Ålesund behandlingssenter, frå 01.02.27. Ved Avdeling TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir vi utgreiing og behandling til personar over 18 år med rus- og avhengigheitsutfordringar, samt støtte og oppfølging til deira pårørande. Tilbodet omfattar avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk behandling. Som LIS hos oss får du: Godkjent heile spesialistutdanninga i rus- og avhengigheitsmedisin Brei klinisk erfaring innan både rusmedisin, psykiatri og somatikk Tett rettleiing frå erfarne spesialistar Arbeid i eit inkluderande og kompetent tverrfagleg miljø Moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas behandlingstilbod innan TSB Vi ønskjer oss leger som er fagleg nysgjerrig, engasjert i pasientgruppa og som trivst med samarbeid på tvers av profesjonar. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m. Tverrfagleg samarbeid Deltaking i avdelinga si vaktordning Undervising Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Godkj