Descripción
Vil du bidra til trivsel og vakre uteområde i Fitjar kommune? Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for drift og vedlikehald av den kommunale eigedomsmassen. Me søkjer ein arbeidsam og positiv medarbeidar som ønskjer å bidra til trivsel og eit godt arbeidsmiljø gjennom arbeid med kommunale uteanlegg og grøntområde. Fitjar kommune har eit variert landskap med parkar, vegar, leikeplassar, uteområde ved kommunale bygg og fleire viktige møteplassar. No treng me ein ny kollega som trivst med arbeid utandørs og som bryr seg om kvaliteten på dei offentlege areala våre. Stillinga er organisert under eining for tekniske tenester. Arbeidsoppgåver vil blant anna vera Drift, vedlikehald og generell oppfylging av dei kommunale uteområda, inkludert park, veg, kai og uteområde til bygg, mellom anna: Plenklipping, kantklipping og generelt stell av grøntareal Beskjering, planting og stell av buskar, tre og prydareal Kontroll og tilsyn av leikeplassar Enkelt vedlikehald og dagleg ettersyn av maskiner og reiskap Snørydding og strøing i vinterhalvåret (ved behov) Drift og vedlikehald av kommunale vegar, fortau, plassar, overvassanlegg, sandfang og gatelys Som tilsett i den kommunale eigedomsdrifta må du rekna med å bidra til andre driftsoppgåver ved behov, mellom anna knytt til dei kommunale bygga. Du vil også inngå i teknisk vaktordning. Vaktordninga er fordelt mellom tilsette innan eigedomsdrift og vatn og avlaup, og inneber roterande vekesvakt, inkludert helg, knytt til kommunale bygg og vassverk. Kvalifikasjonar Fagbrev som gartnar, anleggsgartnar eller tilsvarande relevant fagbakgrunn. Erfaring med maskiner som traktor, plenklipparar, kantklipparar og motorsag Kompetansebevis for motorsag/ryddesag er ynskjeleg Sprøytesertifikat er ynskjeleg Førarkort klasse BE, og T 142, T 144 eller T 148. Viss du ikkje har desse to sertifikata, er det ein føresetnad for å verta tilsett at du tar det/dei innan seks månadar frå tiltreding i stillinga. Erfaring frå teknisk dr