Descripción
Holsen skule og barnehage er ein levande og samlokalisert skule og barnehage i Sunnfjord kommune, vakkert plassert i naturskjønne omgjevnader på vegen mellom Førde og Viksdalen. Eininga har dette skule- og barnehageåret tildelt 12 årsverk, som saman har ansvar for til saman 55 born. Skulen er fådelt, og har inneverande skuleår 36 elevar fordelt på 1. til 7. klasse, medan vi i barnehagen har 19 born dette barnehageåret. Vi har no følgjande ledige stillingar: 100 % stilling i vikariat som pedagogisk leiar i barnehagen frå snarleg til 31.07.2027 40 % stilling i vikariat som grunnskulelærar frå snarleg til 31.07.2027 Stilling som pedagogisk leiar Vil du vere med på å skape ein trygg, leiken og lærerik kvardag for barna våre? Ein av våre pedagogiske leiarar skal ut i permisjon, og vi har ledig 100% mellombels stilling fram til 31.07.2027. Vi søkjer ein engasjert og tydeleg pedagogisk leiar til ei mellombels stilling i barnehagen vår. Som pedagogisk leiar får du hovudansvaret for å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Du vil leie og rettleie teamet ditt, og samarbeide tett med foreldre og resten av fagmiljøet i barnehagen for å sikre eit inkluderande og godt oppvekstmiljø. Søkarar til stillinga som pedagogisk leiar må ha: godkjent utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar dokumentert norskkunnskap i samsvar med barnehagelova § 28 Søkarar til stillinga som pedagogisk leiar bør ha følgjande personlege eigenskapar: Relasjonsorientert og varm: Evne til å sjå kvart enkelt barn, skape tryggleik og gje god omsorg. Leiken og engasjert: Aktiv deltaking i barnas leik og kvardag, både ute og inne. Gode samarbeidsevner: Open og tydeleg i dialogen med foreldre og kollegaer Robust og fleksibel: Evne til å takle ein travel kvardag med høgt tempo og uføreseielege situasjonar. Stilling som grunnskulelærar Vil du skape lærelyst hos borna og gje dei ein trygg og god skulekvardag? Ein av våre lærarar skal u