Descripción
Om stillinga Om stillinga Høgskulen i Volda lyser ut stilling som stipendiat i helse- og sosialfagleg arbeid. Stillinga er ved Institutt for sosialfag, Avdeling for samfunnsfag og historie, og er kopla til doktorgradsprogrammet i helse- og sosialfag. Innretninga på doktorgradsprosjektet skal vere relevant for den faglege profilen ved instituttet (jf. innretninga på studietilbodet ved instituttet: https://www.hivolda.no/studietilbod ). Relevante tema kan for eksempel vere: arbeid med familiar og nettverk rus psykisk helsevern fleirkulturelt arbeid tverrprofesjonelt / tverretatleg samarbeid med relevans for sosialt arbeid Etiske eller juridiske problemstillingar med relevans for sosialt arbeid habilitering og rehabilitering folkehelse oppfølging av personar med kronisk sjukdom sosialt arbeid i skulen Vi inviterer søkarar til eit digitalt seminar fredag 2. oktober kl. 10-11. Der vil vi orientere om utlysinga, gi tips til utarbeiding av gode prosjektskisser og orientere om kva som blir vektlagt i vurderinga av søknader. Det blir høve til å stille spørsmål. Du kan melde deg på til søkarseminaret her: https://nettskjema.no/a/647143 Stipendiatstillingane er utdanningsstillingar som først og fremst skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillingane har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiatstillingane er viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular. Stipendiatane vert normalt tilsette for ein periode på tre år med rein forskarutdanning, eventuelt fire år med forskarutdanning og 25 prosent karrierefremjande arbeid. Arbeidet kan bestå av undervisning, rettleiing og liknande. Ordninga med fire år forskarutdanning må avtalast særskilt med avdelingsleiinga ved tilsetting. Oppstart i stipendstillinga er i 2027. Endeleg tidpunkt for tilsetjing blir avklara i tilsetjingsprosessen. Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og får tildelt årlege dri