← BuscayCurra

Psykolog

Empresa sin especificar

Noruega📅 4/10/2026

Descripción

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekkjer fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn. Frå 01.01.27 har vi ledig ein 100% fast stilling som psykolog på BUP Voss. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon. Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnader. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tek deg rett til fjells, går heile året. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a. Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av psykiske lidingar hjå barn og unge Koordinatoransvar for pasientar Rettleiing av foreldre Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og 1. linetenesta Familie- og systemarbeid Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon Klinisk psykolog Ønskeleg med erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hjå barn og unge For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid Evne til å jobba både sjølvstendig og systematisk Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø Erfaring frå og ønskje om å arbeide i eit tverrfagleg team Erfaring med DIPS er ein fordel Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskoms
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de psykolog en Noruega

Ver las 40 ofertas de psykolog en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.