Descripción
Årdal omsorgssenter har ledig eit 100 % vikariat som sjukepleiar frå 01.01.2027 til 31.12.2027. Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid. Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssentret har to avdelingar, ei somatisk avdeling med 13 langtidsplassar og ei demens avdeling med 8 langtidsplassar. Sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre en 10 år ansiennitet får ei garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet. Arbeidsoppgåver - delta i stell, pleie og daglege gjeremål- observasjonar og dokumentasjonsarbeid- bruke VAR sjukepleieprosedyrar og veilederen aktivt- tverrfagleg samarbeid /samhandling med andre faggrupper- handtera medisinsk teknisk utstyr og prøvetakninger- ta vare på brukarane sine individuelle behov Kvalifikasjonar - søkjer må ha norsk autorisasjon- språkkrav minimum B2 nivå- førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav Me søkjer etter ein person som - bidrar aktivt til eit godt miljø- kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre i eit tverrfaglig team- har fokus på dokumentasjon og god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy- er positiv og motivert- er fleksibel og løysningsorientert- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak Me tilbyr - godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver- løn etter gjeldande avtaleverk- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale- ulike rekrutteringstiltak , som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage. Elektronisk søknadsprosess Hjelmeland kommu