← BuscayCurra

Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO

EIDET SKULE

Noruega📅 2/11/2026

Descripción

Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi har ledig eit 100% årsvikariat grunna fødselspermisjon frå 01.01. til 31.12.2027. Stillinga følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Visjonen til Eidet skule er "Eigne steg, felles veg" . Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv. Arbeidsoppgåver Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn Gje barn positiv oppfølging og støtte Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov Rettleie barn i leik og aktivitetar Leggje til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid Samarbeide med skulen sine tilsette Samarbeide med andre faginstansar ved behov Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring Erfaring med arbeid med
Envía tu CV a EIDET SKULE

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de barne en Noruega

Ver las 772 ofertas de barne en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.