Descripción
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Ved Vartdal helsetun er det ledig sjukpleiestilling med teamleiarfunksjon frå 01.12.2026. Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og 4 trygdebustadar. Dei administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen. Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga. Arbeidsoppgåver pleie og helsefagleg oppfølging med vekt på kvalitet, meistring og heilskapleg omsorg. bruke fagkunnskap, kliniske vurderingar og velferdsteknologi for å skape trygge og gode tenester. samarbeid med pårørande og kollegaer på tvers av tenester og fagområder. dokumentere og følgje opp helsehjelp i fagsystem og bidra til kvalitet og kontinuitet i tenestene Til denne stillinga er det knytt ein teamleiarfunksjon. Dette betyr at du vil få eit særleg ansvar for: koordinering og oppfølging av det dagleg arbeidet og oppgåver som legemiddelhandtering, ernæring og pasienttryggleik gjennom rettleiing av medarbeidarar, studentar og lærlingar styrke det faglege arbeidet kring brukarane følgje opp systematisk kvalitetsarbeid og utarbeiding av rutinar og prosedyrer Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid. Kvalifikasjonar Off. godkjent sjukepleiar Relevant arbeidserfaring Du må ha gode digitale ferdigheiter og kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar som ein naturleg del av arbeidet. Du må god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen sitt skriftspråk er nynorsk. Førarkort klasse B Det vert stilt kra