← BuscayCurra

Kokk og matvert

Empresa sin especificar

Noruega📅 9/11/2026

Descripción

Matforsyning i Helse Førde har ledig stillingar ved Førde sentralsjukehus: Kokk: 100 % fast stilling, tilsetting etter avtale Matvert: 100 % fast stilling, tilsetting etter avtale Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for pasientar ved Førde sentralsjukehus? Vi ser etter deg som ønskjer å bruke fagkompetansen din til å lage næringsrik og velsmakande mat som del av i eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss er mat og måltid ein viktig del av behandlingstilbodet, og vi legg vekt på kvalitet, trivsel og gode rutinar i kjøkkenarbeidet. Vi produserer og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskaféar. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelige arbeidsplassar på alle lokasjonane. Arbeidsstad for begge stillingane er Førde sentralsjukehus Kva går jobben ut på? Som kokk og matvert hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som arbeider for trygge og gode måltid til pasientar og tilsette. Arbeidsoppgåver Produksjon av varm og kald mat etter godkjente resptar Produsere spesialkost og diettar Menyplanlegging - vi følgjer norske mattradisjonar og sesongbaserte matrettar Sørge for at hygienekrav og rutinar (IK-mat) vert fulgt Varebestilling og lagerhald Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: Kokk - må ha fagbrev Matvert - er interessert i mat og service - opplæring vil bli gitt Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Det er ein fordel om du: har erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken har kunnskap om spesialkost og ernæring har erfaring med IK-mat og relevante datasystem Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team er strukturert og har god orden i arbeidet ditt samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt i arbeidsmiljøet er fleksibel og handterer ein variert arbeidskvardag er oppteken av kvalitet og gode matopplevingar Kjenner du deg igjen i dette? Då vil vi gjerne høyre frå
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de kokk en Noruega

Ver las 142 ofertas de kokk en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.