Descripción
Avdelinga Askviknes oppfølgingsteneste har oppfølging av bebuarar som har behov for helsehjelp, og som har vedtak etter helse- og omsorgsstenestelova. Vi arbeider tverrfagleg, og er opptekne av godt samarbeid med tenestemottakarane våre, deira pårørande og med andre helsetenester. Saman jobbar vi for meistring og utvikling hos den enkelte, å skapa gode dagar og opplevingar, og å laga ein god arena for fellesskap. Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i å følgja til ulike aktivitetar, praktisk bistand i samband med matlaging, gjere husarbeid, gå tur, fiska, dra på kino, handla og liknande. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Arbeidsoppgåver Du vil: gje individuell og gruppebasert oppfølging i samsvar med vedtak og tiltaksplanar yte praktisk bistand og helsehjelp i kvardagen leggje til rette for aktivitet, meistring, sosial deltaking og gode opplevingar utføre oppgåver knytte til legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar og delegasjon dokumentere og oppdatere opplysningar i elektronisk pasientjournal (Profil) kunne ha primærkontaktoppgåver og samarbeide med pårørande og andre tenester samarbeide tett med kollegaer og bidra til eit godt fag- og arbeidsmiljø Stillinga er i turnus med overvekt av langvakter (13,5 timar) og nokre ordinære vakter. Stillinga har arbeid kvar 4. helg. Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar Ønskeleg med arbeidserfaring frå psykisk helse- og rusarbeid Erfaring frå arbeid med MAP/TERMA el. l. er ein fordel Førarkort klasse B Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Personlege eigenskapar Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Evne til og ønske om å skapa gode relasjonar til brukarar og kollegaer Evne til å arbeida målretta og strukturert Du er fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande Du taklar utfordringar, tek initiativ til å arbeidde for forbetringar og gode løysingar Det vert lagt særskild vekt på p