Descripción
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Institutt for biovitenskap , Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fjernmåling og modellering av alpine vegetasjonsendringar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid, inkludert undervisning og andre oppgåver ved instituttet. Planlagt oppstart er 1. februar 2027. Stillinga er knytt til forskingsteamet Mountains-in-Motion , leia av førsteamanuensis Suzette Flantua . Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Alpine økosystem er i rask endring. I mange fjellområde breier buskar seg inn i tidlegare open vegetasjon som følgje av klimaoppvarming, endra arealbruk og redusert beitetrykk. Denne ekspansjonen kan endre habitatstruktur, biologisk mangfald, økosystemfunksjonar og den kulturelle verdien av opne fjellandskap vesentleg. Vier (Salix spp.) er blant dei mest utbreidde og økologisk viktige buskene i norske alpine miljø. Likevel er tempoet, dei romlege mønstra og dei underliggjande drivarane for ekspansjon av vierkratt framleis utilstrekkeleg forstått. Langsiktige observasjonar er få, og dei relative effektane av klima, topografi og arealbrukshistorie er sjeldan undersøkte på tvers av romlege og tidsmessige skalaer. Ph.d.-prosjektet skal kombinere historiske flyfoto, satellittbasert fjernmåling, økologiske feltobservasjonar og romleg modellering for å kartleggje ekspansjon av vierkratt i ulike delar av Noreg frå dei siste tiåra og fram til i dag. Prosjektet skal deretter undersøkje miljø- og arealbruksfaktorar som er knytt til desse endringane, og utvikle framskrivingar av moglege framtidige vegetasjonsendringar. Forskinga vil bidra til ei