Descripción
Ved Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Bolig Moberg , er det frå snarast ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Arbeidsstad Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulike funksjonsnedsettinger. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter. Bolig Moberg er eit bufellesskap med 4 tenestemottakarar, hovudsakleg personar over 18 år, med ulike behov for oppfølging. Avdelinga ligg lokalisert nokre få minutt i frå Osøyro. Stillinga er i turnus med 2-skiftsvakter og arbeid kvar 3. helg. Arbeidsoppgåver Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Hos oss skal jobben handle om livskvalitet. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar Til denne stillinga søkjer vi fortrinnsvis deg som har: Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar. Søkjarar med anna relevant helse- sosialfagleg eller pedagogisk utdanning vil også bli vurdert. Primærkontaktansvar. Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med ansvar Erfaring frå målretta miljøarbeid med personar med nedsatt funksjonsevne og utfordrande åtferd, vil bli vektlagt. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Eigenskaper «Kven er du?» Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk. Er du ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utan