Descripción
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av seks seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheit og rehabilitering, Sikkerhetspoliklinikken, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern. Eit viktig samfunnsoppdrag I sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp. Som sjukepleiar eller vernepleiar blir du ein viktig del av det tverrfaglege behandlingsteamet, der relasjonsbygging, miljøterapi, motivering og aktivisering står sentralt.Kvar pasient har eit tverrfagleg team som arbeidar saman, og målet er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom. Nokre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. * Regional sikkerheitspost (RS) har ledig 100% faste stillingar, 2-delt turnus og 3. kvar helg * Lokal sikkerheitspost (LS) har ledig 100% faste stillingar, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnusPå Regional sikkerheitspost tar ein også imot personar på judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Her jobbar vi i tverrfaglege team for å sikre heilskapleg behandling for pasientanes samla behov. Vi jobbar for å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Dette gjer vi gjennom eit trygt og str