Descripción
Hos oss får du mentor, fagleg utvikling og ein jobb som betyr noko! Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape gode og meiningsfulle dagar for menneske med ulike funksjonsnedsettingar. Er du nyutdanna, eller har du nokre års erfaring skal du ikkje stå åleine hos oss. Som nytilsett får du ein eigen mentor som følgjer deg opp gjennom det fyrste året. Du får støtte, rettleiing og tid til å bli trygg i rolla, slik at du kan utvikle deg fagleg og kjenne meistring i arbeidskvardagen Me legg til rette for fagleg utvikling og kompetanseheving, tilbyr turnus med arbeid kvar fjerde helg, og eit årleg rekrutteringstillegg på kr 48 000 for vernepleierar i 100% stilling. Svingen og Reini er moderne bufellesskap med gode fellesareal både ute og inne. Her bur det til saman 15 bebuerar med ulike behov for støtte og oppfølging, Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø der kollegaer samarbeider for å skape gode tenester og meiningsfulle kvardagar for den enkelte. Me er opptekne av fag, samarbeid og bruk av velferdsteknologi. Samstundes legg me vekt på å ta vare på kvarandre, og du vil møte engasjerte kollegaer som deler kunnskap, erfaringar og godt humør Arbeidskvardagen er variert, utfordrande og meiningsfull. Du får høve til å bruke både fagkompetansen din og eigne styrkar til å bidra til meistring, sjølvstende og livskvalitet for bebuarane våre. Vil du ha ein jobb der du lærer mykje, får gode folk rundt deg og kjenner at det du gjer betyr noko? Då håpar me du søkjer! Arbeidsoppgåver Arbeide målretta miljøterapeutisk for å styrkje meistring, sjølvstende og livskvalitet. Følgje opp bebuarane si psykiske og fysiske helse. Samarbeide tett med pårørande, verje og andre fagpersonar. Koordinere tenester og bidra til god samhandling rundt den enkelte bebuaren. Utarbeide, følgje opp og evaluere vedtak og tiltak. Ha ansvarsvaktfunksjon. Rettleie kollegaer og bidra til fagleg utvikling i personalgruppa. Delta i legemiddelhandtering etter