← BuscayCurra

Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter

TYSNES OMSORGSSENTER

Noruega📅 30/10/2026

Descripción

Er du på jakt etter ei utfordrande og givande helgestilling? Vi treng fleire dyktige medarbeidarar på laget vårt. Vi har for tida to ledige helgestillingar i 12,21 % – 18,31 %, og ser etter deg som er positiv, engasjert og har lyst til å bruke helgene dine på å gjere ein forskjell for andre. Stillingane inneber i to-delt turnus, med både dag- og kveldsvakter. Du arbeider i snitt kvar tredje helg, men dersom du ønsker det kan det vere mogleg å jobbe annakvar helg. Tysnes omsorgssenter held til i fine og moderne lokale, i eit nybygg som stod ferdig i 2017. Senteret har 30 institusjonsplassar, i tillegg til plassar for korttidsopphald, rehabilitering og eit dagsenter tilrettelagt for personar med demens. Vi har òg ein KAD-plass (kommunal akutt døgnplass), der det blir gitt tilbod om augeblikkeleg helsehjelp – eit alternativ til innlegging på sjukehus. Hos oss blir du ein del av eit fagleg oppdatert miljø der personsentrert omsorg står i sentrum. Vi arbeider målretta med å skapa ein meiningsfull og trygg kvardag for bebuarane våre. Vi er oppteken av pasientnært arbeid, og moderne velferdsteknologi er eit av hjelpemidla som gir oss meir kvalitetstid med bebuarane våre. For å søkje må du ha fylt 18 år. Arbeidsoppgåver Assistere bebuarane i det daglege og støtte dei i eigenomsorg, i tråd med planlagde tiltak. Følge opp individuelle målsetjingar og tiltak for kvar enkelt bebuar. Utføre spesifikke oppgåver i tråd med opplæring og skriftlege prosedyrar. Journalføre og bidra til utarbeiding og oppdatering av pleieplanar. Medverke til utvikling og kvalitetsforbetring på arbeidsplassen. Den som blir tilsett vil utføre arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring. Kvalifikasjonskrav Vi ser etter medarbeidarar med helsefagleg utdanning: Sjukepleiar. Vernepleiar. Helsefagarbeidar/hjelpepleiar. Studentar innan relevante studieforløp (helsefagarbeid, vernepleie, sjukepleie). Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapa
Envía tu CV a TYSNES OMSORGSSENTER

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de helgestillingar en Noruega

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.