Descripción
Er du på jakt etter ein spennande og utfordrande arbeidsplass? Då er kirurgisk og ortopedisk sengepost noko for deg! Vi har ledig eit vikariat, arbeid 2. eller 3.kvar helg. Her får du jobbe i eit solid fagmiljø saman med hyggelege og engasjerte kollegaer, der vi alle har eit tydeleg fokus på å gi pasientane den beste moglege behandlinga. Vi har hovudsakleg kirurgiske og ortopediske pasientar, men også gynekologiske og urologiske pasientar. Samarbeid er nøkkelen for at pasientane skal få ei god oppleving under opphaldet på sjukehuset, og her vil du spele ei viktig rolle. Sengeposten er prega av eit høgt tempo, og her får du møte mange varierte og spennande utfordringar. Med mange ulike diagnosetypar gir denne arbeidsplassen høve til å utvikle kompetansen din på fleire område. I tillegg kan vi tilby eit trygt og sosialt arbeidsmiljø, der samhald og humor er viktige verdiar. Bli ein del av vårt engasjerte team, og ta del i eit arbeidsmiljø der du både kan utvikle deg fagleg og trivast som kollega. Arbeidsoppgåver Dag-og kveldsvakter 2. eller 3.kvar helg Stell og pleie av ulike pasientgrupper Planlegge og utføre ulike sjukepleieprosedyrer Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke Sjukepleie til palliative pasientar Kvalifikasjonar Sjukepleiestudent Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper Du medverker til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna, og ha fagleg engasjement vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at