Descripción
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus er ei spennande og aktiv avdeling, som har ca. 1200 fødslar pr år. Vi søkjer sjukepleiarstudentar som ønskjer verdifull erfaring innan føde- og barselomsorg. Som tilkallingsvikar vil du bidra i den daglege drifta saman med jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar, og få moglegheit til å utvikle kompetanse innan kvinne- og barnehelse. Det kan være aktuelt med arbeid på helg, i ferieperioder, samt høve for ekstravakter utover dette. Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Ivaretaking av mor og barn etter fødsel Vegleiing i amming og barnestell Observasjonar av mor og barn Assistere jordmor ved fødsel Kvalifikasjonar Sjukepleiarstudent, gjerne frå 2. studieår eller høgare Interesse for arbeid med gravide, fødande, barselkvinner og nyfødde Ønskeleg med erfaring frå helsetenesta, men ikkje eit krav Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Grunnleggande digitale ferdigheiter Må kunne arbeide sjølvstendig innanfor gitte rammer og søkje rettleiing ved behov Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst og påliteleg Du er fagleg interessert og motivert for å lære Du er omsorgsfull, empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Du er fleksibel og innstilt på å bidra ved behov Du har evne til å arbeide strukturert i ein travel kvardag Du trivst med både sjølvstendig arbeid og arbeid i team Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt