Descripción
Avd. Studalen er eit bufellesskap for personar med funksjonsnedsetting. Avdelinga er ein del av Tunet burettlag, og høyrer til VESTBO, Vestlandske Boligbyggelag. Bebuarane eig, eller leiger bustadane. Studalen sin visjon er; Gode relasjonar skapar trivsel og meistring. Overordna mål er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling. Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt ut i frå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje. Det er ledig ein fast 100% stilling, samt eitt vikariat i 100%, for vernepleiar i Studalen bufellesskap, begge frå 01.10.26. Stillingane er i turnus dag/kveld med langvakter kvar fjerde helg. Vernepleiar har ansvar for: Fagleg ansvar i avdelinga Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse Evaluere mål og tiltak Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og legga til rette miljøarbeid utifrå desse Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A. Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon, og rettleia anna personale i høve dokumentasjon Kjenna til og bruka avdelinga sine prosedyrar, og gjera dei kjent for andre medarbeidarar Ansvar for å vurdera behovet for kontakt med andre instansar/ samarbeidspartnarar (til dømes Habiliteringstenesta, ergo/fysioterapitenesta m.m.) Vernepleiar får ansvar for fagkoordinator sine oppgåver når denne er fråverande. Avdelingsleiar kan delegere andre oppgåver Kvalifikasjonskrav: Autorisert vernep