← BuscayCurra

Lege i spesialisering i medisinsk biokjemi, vikariat med moglegheit for forlenging 

HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Noruega📅 19/10/2026

Descripción

Vil du vere med på å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring. Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings-, utviklings- og formidlingsaktivitet knytt til fleire av fagområda. Avdelinga har tre legegrupper: Hormonlaboratoriet si legegruppe, Seksjon for medisinsk biokjemi og Seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har 2,6 overlegestillingar og tre LIS. Totalt har avdelinga 350 tilsette, fordelt på legegruppene, 12 analytiske seksjonar, ei eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Som lege ved avdelinga vil du ha arbeidsstad i Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus. Er du nysgjerrig på spesialiteten medisinsk biokjemi? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om vikariatet og moglegheitene hos oss! Oppstart 01.01.27 eller etter avtale. Arbeidsoppgåver Vaktordning på dagtid (8-16) Vurdering og kommentering av analysar Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga Kvalifikasjonar Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi. Lege utan LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kval
Envía tu CV a HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de lege en Noruega

Ver las 45 ofertas de lege en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.