Descripción
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat innan utdanningsforsking Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan utdanningsforsking for å studere kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga i høgere utdanning. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av UiB og er delvis knytt til Erasmus+ prosjektet MINT (Mathematics Innovation in New Teaching). Om prosjektet/arbeidsoppgåver I dagens høgteknologiske samfunn, er kompetanse innan matematiske fag viktigare enn nokosinne for å lykkast med å løysa dagens og framtidige utfordringar: matematikk er språket til naturvitskapen. Matematisk institutt (MI) har eit stort undervisningsansvar for å utvikle nødvendig matematisk kompetanse, spesielt i tidelege stadium av studieløpet i STEM-utdanningane (Science, Technology, Engineering and Math). Undervisningsopplegg med førebuande plenum forelesningar, gruppe-øvingar og obligatoriske innleveringa har vore standard gjennom fleire tiår, men inspirert av nye studentaktive undervisningsformer har instituttet satt i gang fleire studiekvalitetsprosjekt i samarbeid med Forskingssenter i realfagslæring (SERC ) med mål om å auke studentane sitt læringsutbyte. Stipendiaten vil: Studere implikasjonar av ulike tiltak for pedagogisk utvikling og studiekvalitet på individ- , institutt-, institusjon-, og sektornivå innan forsking på matematikkundervisning i STEM-utdanning på universitetsnivå Undersøke samanhengar mellom undervisarane og studentane sine haldningar, motivasjon, praksisar, og læringsutbyte, i samarbeid med andre partnerar i prosjektet