Descripción
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Universitetslektor Ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er det ledig ei fast 30 % stilling som universitetslektor. Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er eit nasjonalt kompetansesenter ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. SUJO arbeider for å styrkje den undersøkande journalistikken gjennom utdanning, kompetanseutvikling og samarbeid med mediebransjen, med særleg vekt på lokale og regionale redaksjonar. Senteret held til i Media City Bergen og er det einaste senteret av sitt slag i Noreg. Arbeidsoppgåver: Rettleie og undervise journalistar i å tolke kvantitative data og forstå den journalistiske verdien av slike data Rettleie og undervise journalistar i deira arbeid med å tilarbeide tal, til dømes ved å drive opplæring i Excel Innhente, analysere og tilarbeide kvantitative data frå ulike datakjelder og leggja til rette desse for journalistisk behandling. Utvikle journalistiske verktøy Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid Kvalifikasjonar og eigenskapar: Mastergrad innan statsvitskap eller tilsvarande kompetanse Erfaring som dataanalytikar Erfaring med undervisning og rettleiing av journalistar i handtering av kvantitative data Erfaring med utvikling av datadrevet journalistikk God journalistisk forståing og erfaring frå journalistisk arbeid Erfaring med programmeringsspråk og databasar God kjennskap til norsk mediebransje God forståing for samfunnsvitskapleg metode Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Gode kommunikasjons- og samarbeids- og koordineringsevner. God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og eng