Descripción
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Mellombels stilling som universitetslektor i russisk Velkomen som søkjar til ei mellombels stilling som universitetslektor i russisk (15 prosent) ved Institutt for framandspråk frå 1. januar til 30. juni 2027. Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og i spansk språk og latinamerikastudium. Russiskfaget har for tida tre faste stillingar med ansvar for undervisning og forsking innanfor ulike faglege disiplinar (språk, litteratur, kultur og samfunn). Forskinga og undervisinga har òg innslag av eit vidare austslavisk perspektiv, som m.a. inkluderer språk, samfunn og kultur i Ukraina. Faget gjev undervisning og rettleiing på bachelor- master- og ph.d.-nivå. Arbeidsoppgåver: Undervisninga vil i hovudsak omfatta forelesingar og seminar i russisk litteratur, historie og kultur på bachelornivå. Dersom den som blir tilsett, er kvalifisert til det, kan det òg bli aktuelt å undervise i språklege emne. Arbeidsoppgåvene vil inkludere: Førebuing og gjennomføring av ulike typar undervisning. Retting av obligatoriske oppgåver. Eksamensarbeid. Eventuell rettleiing. Administrativ oppfølging og koordinering. Undervisningsspråka på faget er russisk og norsk. Administrasjonsspråket ved instituttet er norsk. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i russisk, og helst russisk litteratur. Relevant yrkes- eller undervisningserfa