Descripción
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Universitetslektor Ved Institutt for klinisk og biologisk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i logopedi for perioden 18. februar 2027 - 31. juli 2028. Arbeidsoppgåver: Undervising, undervisningsadministrativt arbeid, rettleiing og sensur på masterprogrammet i logopedi . Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i eit fagområde som er relevant for stillinga. Søkjarar må ved oppstart i stillinga kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Søkjaren bør ha utdanningskvalifikasjonar og/eller arbeidserfaring frå praktisk logopedisk arbeid eller eit tilgrensande fagområde. Arbeidserfaring frå høgare utdanning knytt til logopedi eller eit tilgrensande fagfelt er ein føremon. Det vil vere ein føremon om søkjaren har erfaring frå FoU-arbeid og har faglege publikasjonar som er relevante for stillinga. Personlege eigenskapar, som evna til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt gode samarbeidsevner, vil verte vektlagt. I vurderinga av søkjarane vil det bli lagt vekt på moglegheita for å tre raskt inn i undervisningsoppgåvene. Vi tilbyr: Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling Brutto årsløn som universitetslektor (kode 1009) kr 653 000 - kr 692 000. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: CV Vitnemål og attestar Namn og kontaktinformasjon til tre referansar. Vedlegg som dokumen